Me vil ha ein giftfri kvardag!

Kvar dag vert me utsette for ei rekkje ulike kjemkalier- små mengder fra kvardagsprodukt og andre kjelder. Gjer det ein negativ helseeffekt for oss, og skadar det miljøet kring oss? Kva skjer med kjemikalier i avfall og avløpsvatn fra private heimar, industri og deponi? Kva med kjemikalier og medisinrester i husdyrgjødsel og avløåsslam, desse gode ressursane som me gjerne vil bruka fritt utan frykt for at uønska stoff følgjer med?

For kjemikaliane dukkar opp att, kjem tilbake til oss, både i miljøet og i maten vi et. I låge dosar, ja, men stoffa er mange. Og dei langsiktige verknadane veit me ikkje så mykje om. Ikkje enno.

Kan me gjera noko med det, du og eg? Svaret er ja. Me kan sjølvsagt ikkje løyse utfordringra åleine. Men me kan endra vårt eige handlingsmønster, og inspirera andre til å gjera det same. Slik kan me vera med på å styra utviklinga i riktig retning. Mot ei reinare, sunnare jord.

Når du skal røysta ved kommunevalet i september, skal du vita at me i Arbeidarpartiet har miljøsaka høgt oppe. Me tenkjer globalt- og handlar lokalt. Godt val!

Klepp Arbeiderparti vil:

- spreia kunnskap om giftfrie produkt og berekraftige forbruksmønster

- at dei kommunale heimesidene skal gje kunnskap og tips om gode miljøval

- at kommunane våre skal vera miljøbevisste i innkjøpa sine og velja giftfritt der det er mogleg.