Leserinnlegg: Kæ æ viktigt for dæg?

Leserinnlegg i Jærbladet 6.4.22

Neste år er det kommuneval. Eit val som har stor betydning for korleis du og eg har det i kvardagen.

Eit kommuneval betyr at me på ny skal velja innbyggjarar som skal styra kommunen vår. Det vil sei at i 2022 skal dei politiske partia i gong me å skriva sine respektive partiprogram. Eit dokument som gjer ei lovnad om kva det einskilde partiet vil gjera for at Klepp skal bli ei enda betre kommune å bu i.

Klepp Arbeidarparti vil ha ditt innspel til programmet. For det er du som er best til å seie noko om kva som er eit bra Klepp for deg. Me vil veta kva det er som gjer at du syns at Klepp er ei god kommune å bu i, og kva me kan gjera for at Klepp skal bli enda betre. For me i Klepp Arbeidarparti har ikkje alle svara.

Kva kan me for eksempel gjera for at det skal vera lettare for Kleppsbuen å få me seg kva som skjer i politikken? For eg er heilt einig med mange; politiske sakspapir kan til tider vera både keisame og vanskelege å forstå. Spesielt om det ikkje er noko som angår deg direkte. Og med informasjonssamfunnet der me får info frå alle kantar, så er det dessverre slik at lekre saksopplysningar om den nye kommuneplanen av og til må vike for anna informasjon. Men det er likevel lov å spørje om det er informasjonsrutinane i Klepp som må endrast, eller om det er skjerpings til Kleppsbuen? Kanskje er det litt av begge deler.

Korleis vil me ha barnehagane og skulane våre. Store, små, mellomstore? Skal det kosta noko å driva med fritidsaktivitetar? Og kva skal me no gjera med desse barnehage- og SFO prisane?

Eller er du kanskje mest oppteken av korleis me utviklar Klepp? Skal all aktivitet samlast på Kleppe? Korleis skal me balansera boligutbygging, næringsliv og jordvern?

Og ikkje minst. Når bestemor og bestefar kjem på sjukeheimen. Er det då kommunen som skal syte for at dei får lufta seg, eller er det dei pårørande? Dette er berre nokre spørsmål som me som innbyggjarar har moglegheita til å påverka i ei eller anna form.

Samstundes. Sjølv om me kanskje skulle ynskje det, kan ikkje politikarane i Klepp styra alt. Det er mellom anna fordi mykje av det som skjer i Klepp er påverka av nasjonale og internasjonale lovar og reglar. Men mykje kan me påverka, og me vil ha di hjelp til å veta kva me kan gjera for at Klepp skal bli ei enda betre kommune.

Så neste gong du treffer Klepp Arbeidarparti på stand, då skal me ikkje klaske på med tjukke brosjyrar med valflesk og god sosialdemokratisk politikk. Me skal vera der for å høyra kva du meiner me bør gjera i Klepp. Me vil spørja deg: Kæ æ viktigt for dæg?