.

KÆ Æ VIKTIGT FOR DÆG?

Hausten 2023 er det lokalval.

Me i Klepp Arbeidarparti skal i gang med å skriva partiprogrammet vårt for framtida i Klepp kommune.

Me vil gjerne veta kva som er viktig for deg, og kva du er oppteken av.

Kva må me gjera meir av, eller gjera annleis for at Klepp kommune skal bli ein endå betre kommune å bu i?

Kva tykkjer du for eksempel om SFO- og barnehageprisane? Korleis skal me balansera jordvern og utbygging? Kva er gode helse- og velferdstenestar? Og kva kan me gjera for å gje barn og unge ei god oppvekst?

Det er for innbyggjarane våre at me er her, så difor spør me:

KÆ Æ VIKTIGT FOR DÆG?

Snakk gjerne med venner, familie, naboar, foreldre, barn og barnebarn, så dei og kan få seie kva dei meiner er viktig.

Uavhengig av om du er gammal nok til å stemma eller ikkje,vil me gjerne lytta til deg.