Framleis fornuft på Jæren

Leserinnlegg av Oddbjørg A. Starrfelt, jærbu og leiar av Klepp Arbeiderparti.

Dei tri jærkommunane fungerer godt. Fornuften styrer. Den kjem den nok og til å gjera i ein ny Jæren kommune. Det vert nok mange av dei same politikarane, om enn litt færre. Og det vert nok mange av dei same tilsette. Det skulle vera eit godt grunnlag for ein god og veldriven kommune. Og for ein politikk den beste for folk i framtida og.

Ei samanslåing vil gjera det mogleg å flytta fleire ressursar frå administrasjon til

utøvande verksemd - til helseteneste, eldreomsorg, skule og barnehagar. Det må vera eit av måla for ein ny Jæren kommune, og det er bra.

Eg har budd i Klepp kommune i ca femti frå slutten av førtitallet. Kommunen har vakse, og veksten har gått ut over jordbruk og jordvern. Færre og færre kan leva av jordbruket, og fleire og fleire gardsbruk vert gjort om til tomteareale for bustad og næring. Det kan ikkje gjerast om att. Det er snart ikkje eit område att i Klepp som kan byggjast ut utan at det går ut over nye bruk.

Dette uroar oss i Klepp Arbeidarparti. Nokon vil seia at me har vore med på dei fleste vedtak i denne samanheng. Det har me nok. Men nå er nok nok, me må strama kraftig inn og prioritera jordvern høgare. Her er intensjonsavtalen klar, jordvern skal prioriterast. Me treng Jæren kommune der me kan byggja ut bustader og næring utan å bruka dyrka eller dyrkbar jord for å få det til.

I tillegg vil ein større kommune styrka viktige fagmiljø både i breidde og når det gjeld spisskompetanse. Det kan vera innan IT, innan teknisk sektor, innan helse og eldreomsorg og innan barnevern og PPT, for å nemna noko. Det vil gje oss som bur her betre tenestar.

Eg ser i Aftenbladet at Geir Pollestad er redd for fleire heiltidspolitikarar. Underleg med hans ståstadsom heiltidspolitikarar. Eg ser på det å kunna frikjøpa politikarar heilt eller delvis som positivt, som ein moglegheit. I Arbeidarpartiet har me eit svært godt samarbeid på tvers av kommunegrensene på Jæren. Eit Jæren Arbeidarparti vil vera ei naturleg vidareføring for oss, og me trur at større parti vil heller kunna styrka det politiske engasjementet og den politiske debatten enn å svekka den.

Eit lite poeng til slutt: avstandane er ikkje store på Jæren. Og sjølvsagt vil det lagast system slik at barn får skule- og barnehageplass nær der dei bur, og dei gamle får omsorgsbustad eller sjukeheimsplass så nær der dei bur som mogleg - om det er det dei ynskjer. Nokon vil ynskja meir spesialiserte tenestar og vil velja det framføre avstand. Det vil og vera mogleg i ein større kommune.

Nokon vil til og med kunna få tilbod nærare enn nå - eit barn i kommunegrensa mot Klepp kan få skuleplass på TU - nært og trafikksikkert, og ein som treng omsorgsbustad på Orstad kan få tilbod på Kvernaland i staden for på Klepp.

Og så trur eg altså fornuften vil rå i Jæren kommune slik den har gjort i Klepp, Time og Hå. Eg er overtydd om at Jæren kommune vil gjera det endå betre for oss å bu her på Jæren. Difor vil eg stemma ja til til Jæren kommune. Og mitt råd til andre er - stem ja de og.

Kåsen, 24.februar 2016

Oddbjørg A Starrfelt

Jærbu og leiar i Klepp Arbeidarparti.