Best med både Klepp, Time og Hå i Jæren kommune.

Leserinnlegg av Oddbjørg A.Starrfelt i Jærbladet 22.4.16

I debatten om ny kommune snakkar mange om kor godt alt er i våre tri kommunar. Eg er samd i at mykje er bra i kommunane våre, men jammen er det mykje å gå på. Eit kommunebarometer viser ikkje alt, men det viser ein del.

Kommunebarometer for 2016 viser ei totalvurdering av kommune. Her ligg Hå på 275.plass, Klepp på 180.plass og Time på 135.plass av i alt 428 kommunar.. Ikkje akkurat topp-plasseringar. Best i Rogaland er Strand på 54.plass.

Alle tri kommunane kjem godt ut når det gjeld vatn, avløp og renovasjon - Klepp er heilt på topp med ein 4.plass, Hå på 11.plass og Time på 28.plass. Dersom me forventar at kommunane kan læra av kvarandre, er det lite grunn til å frykta serlege hopp i kommunale avgifter. Men bodskapen er - sjå til og lær av Klepp. Det er og grunn til å sjå til Klepp når det gjeld eldreomsorg.

På kulturfronten ligg både Klepp og Time heller lågt medan Hå ligg på ein 71.plass. Her må bodskapen vera - sjå til og lær av Hå.

Når det gjeld grunnskule ligg Hå og Klepp langt nede, medan Time er på 53.plass. Her er bodskapen - sjå til og lær av Time.

Slik kunne eg halda på. Utgangspunktet er at me kan hjelpa kvarandre og læra av kvarandre slik at me som bur i den nye Jæren kommune får betre tenestar. Alle tri kommunane har sterke og mindre sterke sider, og det er langt igjen til toppen. Me treng alle tri kommunane for å verta betre på dei fleste områda.

Større fagmiljø er heilt avgjerande på nokre felt, det vera seg IT, PPT eller barnevern.

Skal ein vera attraktiv for dei beste IT-folka, må ein ha spanande oppgåver å by på. Ei spesialstilling eller ei deltidsstilling innan logopedi gjer tilbodet sårbart, 3-4 logopedar gjev både eit breiare fagmiljø, ei teneste som er mindre sårbar for fråver,

og moglegheiter for spesialisering. Me treng alle tri kommunane for å få større einingar m.a. på desse områda.

Ein samanslått kulturskule, med avdelingar på Kleppe, Bryne og Varhaug, vil kunna gje eit breiare tilbod, eit meir spesialisert tilbod og gje tilsette høve til å få større stillingar.

Her har tvileren Synneva Erland eit kjempepoeng. Me treng alle tri kommunane for å få dette til.

Og - Thor Rohde - eg kunne nok ynskja meg at Det norske Arbeidarparti var klårare i sine formuleringar om kommunesamanslåing, men å påstå at me som er for ikkje handlar i tråd med partiet sitt program er feil!

Sats på framtida og sats på Jæren kommune til beste for heile Jæren.

Kåsen, 15.4.2016

Oddbjørg A Starrfelt