Årsmøte 2016

Klepp Arbeiderparti har i dag hatt årsmøte. Møtet starta med eit kåseri av Kjell Olav Stangeland om " Min veg inn i Arbeidarpartiet". Kåseriet vakte gjenkjenning og kalte på smilet for mange.

Årsmøtet godkjende årsmelding og rekneskap.

Det var to saker til handsaming - forslag om eit aktivitetsutval i periodar mellom valkampar og uttale om miljø. Begge vart samrøystes vedtekne.

Vedtaket i miljøsaka var:

"Årsmøtet i Klepp Arbeiderparti vil påpeke at bruk av elektrisitet og varmepumper samt el-biler må prioriteres i det private og det offentlige. Vannkraft må beskyttes til bruk i Norge."

Sidan det korkje er fylkesårsmøte eller landsmøte i 2016, vart vedtaket oversendt Rogaland Arbeidarparti, Det norske Arbeidarparti og Arbeidarpartiet si stortingsgruppe.

Styret 2016 er:

Leder: Oddbjørg A. Starrfelt, attvald

Nestleiar: Ann Iren Amundsen, ny

Sekretær: Odd Vegard Ueland, ny

Kasserar: Ragnhild Rørstad, ikkje på val

Studieleiar: Trine Eggen, ikkje på val

AUF: Edvard August Eggenn Sveum

Vara:

Lasse Hjelmervik, ny

Maria Tjaum Eimstad, ny

Einar Erga, attvald

I tillegg tiltrer gruppeleiar Sigmund Rolfsen styret. Kommunestyrmedlemar og leiar av aktivitetsutvalet vert og inviterte til styremøtene.

Med dette har Klepp Arbeidarparti fått ein endå sterkare lag som saman med kommunestyregruppa og utvalamedlemar har ambisjonar om å visa att i Klepp-politikken.