"Alle skal med"

Leserinnlegg i Jærbladet 14.9.15 av Tone-Elin Berge, Sigmund Rolfsen og Anne Brit Ree, Hå, Klepp og Time Arbeiderparti

original_1478643304_7652152

I haust kom det mange motiverte 6-åringer til sin første skuledag! Kva kan me gjera for at alle dei skal få det beste utgangspunktet for eit godt liv. God skule, slik at dei fullfører vidaregåande, får fagbrev eller studiekompetanse? Då må me starta før 1. klasse; i barnehagane. Me vil prioritera barnehageopptak også for haustbarna. Me trur at barnehage er med på å gje ein trygg og lærerik barndom, viktig for barna og for foreldre. Det er også god næringspolitikk, arbeisgjevar veit kva tid dei får både mor og far tilbake i arbeid.

- Lese, skrive- og reknegaranti: Me vil sikra at elevar som ikkje har gode nok ferdigheter, etter 2. trinn får eit ekstra tilrettelagt opplegg og systematisk oppfølging i lesing, skriving, og rekning. Det betyr:

- Me vil tilsette fleire lærarar på 1.-3. trinn.

- Meir tid til elevane på skulen for å læra fag og læra å leva godt saman.

Alle parti på Jæren er for Jærskulen. Då er det litt underleg at Knut Mauland, leiar av levekår i Time, meiner at Høgre er ein garantist for Jærskulen. Dette er det politisk semje om på Jæren. Arbeidarpartiet i Hå, Time og Klepp støttar og prioriterer Jærskulen. Jærskulen gir meir kunnskap om læring til skuleleiarar og lærarar. Me kan også dra nytt av kverandre sine sterke sider på tvers av skular og kommunar. Nå har til dømes Time gått inn i eit samarbeid med Klepp om "Eirik Raude". Dette gjer skulane betre i stand til å ha nokre elevar som elles lett kunne mista lysta/trua på sin eigen skulegang. Me samarbeider om å gi språkopplæring til dei personane som sal integrerast i samfunnet vårt. Me vil halda fram at Klepp og Time nå samarbeider om å byggja ny skule i Vardheia.

Tilbake til "Alle skal med"! I dag er det for mange av elevane som ikkje fullfører vidaregåande opplæring i løpet av ein femårsperiode. Arbeidarpartiet vil at alle skal ha like stor sjanse til å lukkast, at nokon droppar ut er difor eit nederlag for oss alle